fredag 2. oktober 2009

158) 1. Kor. 1, 30 B.

-->

Det er hans verk:
I. Kristus er blitt oss VISDOM.
1.Kor. 1, 29-31
Det er hans verk, nemleg Guds verk i Kristus. Alt avheng av vår stilling til Kristus. Det skjer noko når me vert frelst, på fleire måtar og område. Og Paulus kan seia i 2. Kor. 5, 17: at ALT er blitt nytt. Det må vere ei stor endring! Og dette heng saman med omvendinga, for det tyder heilt om. På alle felt får livet vårt ein ny retning eller kurs. Men alt dette skjer ved Kristus og på grunn av han. Difor er Kristus sentrum i vår frelse. Ja, me kan faktisk seia at alt er berre han. Det fins ikkje noko ved sida av Jesus Kristus.

Her skal me stansa ved dette: Kristus er blitt oss visdom frå Gud. Og sume tolkarar (og bibelomsetjingar) meiner og viser at dette er overskrifta eller hovudinnhaldet i dei neste orda i v. 30. Kristus er vår visdom på den måten at han er blitt vår rettferd, helging og utløysing. Men ikkje alle er samde i det, og me vil ta for oss kvart av desse orda som eigne emne.

Visdom! Kva slags visdom?
Visdom er det rette synet på tilværet og livet og alt som høyrer til det. Det er det rette synet og dermed meining og kunnskap om Gud, menneske, frelse, livet på jord og æva. Når Kristus vart dette for oss, tyder det at han viste oss Guds frelsesplan for verda.

Det er altså ikkje tale om vår eigen verdslege visdom eller tanke. Og det er heller ikkje grekarane sin filosofi som tyder kjærleik til visdomen. Visdom heiter Sofia på gresk.

Grekarane var stolte av visdomen sin. Store namn kan nemnast her, kjende frå soga og filosofien. Me veit om de vise Sokrates, om Platon og seinare Aristoteles m.fl. Dei har hatt mykje å seia for utviklinga i Europa og seinare Amerika. Ein hovudtese var at mennesket var godt. Me skulle berre dyrka og få fram det gode. Idé-verda er det eigentlege, det me ser er igrunnen uverkeleg. Fleire av filosofane tala om ein frelsesveg, men det var eigentleg eit sjølvstrev. Dei skulle berga seg sjølv - ei såkalt soteriologisk oppstigning. Hugo Odeberg siterer ein jødisk forskar, Samson Hochfeld, som seier at "antikkens ikke-jødiske etikk er helt igjennom egoistisk orientert". Eit hovudmål var å søkja lukka og nyting.

Paulus er streng her. Nå skriv han til kristne nett i Hellas, Korint låg der. Så siterer han eit bibelvers og seier: Gud vil øydeleggja dei vise sin visdom, v. 19. Med dette vil han seia at Gud ikkje kan bruka dei menneskelege tankane. I omvendinga er det nett det Gud strevar med hjå mange menneske. Han må seia til folket: Det du meiner om frelsa er galt. Det er ikkje slik som folk flest trur eller meiner.

I v. 21 seier han så: Verda kjende ikkje Gud ved sin visdom. Etter syndefallet er menneske totalt blind for dei åndelege ting og kan ikkje skjøna Gud og frelsa. Det er ein hard lærdom for mange menneske. Det er og ei frukt av fallet.

I v. 22 heiter det så at grekarane søkjer visdom, det er nett filosofien. Sett frå kristen synsstad er det heidenskap. Filosofi er ein freistnad på å forstå alt og godta mennesketanken som øverste instans. Og det var ein føresetnad for å verta frelst at ein var vis.

Paulus seier nei. Det er ikkje slik i Guds rike. For å prova det, viser han til deira eiga erfaring: Det var ikkje mange vise som vart kristne, v. 26. Gud brukte heilt andre måtar og kriterier. Gud gjorde tvert om dei vise til skammar i måten han handla på.

Me er tvert om uforstandige (Tit. 3, 3). Alt profeten hadde sagt: Me for alle vill som får (Jes. 53, 6). Me visste ikkje betre, me kjende ikkje vegen. Til romarane er han endå strengare og siterer eit salmevers: Det er ingen forstandig - som søkjer Gud (Rom. 3, 11).

Me trong altså ein ny visdom, ein ny slags visdom. Det måtte Gud gje oss i Kristus. Og når kallet frå Gud kjem og me vert gjenfødde, tek me til å sjå alt i eit nytt lys. Æva kastar lys inn over vårt liv og over alle andre ting. Det vert ein ny visdom, utskild frå alt det jordiske.

Kva er så det nye, som me nå får lys over?
1. Me ser oss sjølve. Me får det bibelske menneskesyn. Før hadde me vore ganske innbilske og trudd mykje godt om oss sjølve. Me fylgde faktisk Platon og gresk filosofi 400 år f. Kr. Kva viser så Kristus oss?
a) Me er fortapte - nå, her og i æva. Me er i vår natur utan von, lik ein som druknar på havet utan redningsvest. Fortapinga er ikkje framtidig berre. Kvart ufrelst menneske lever som fortapte - men med ei von om frelse.

b) Me er syndarar - der ligg grunnen. Men me får sjå synda i eit nytt lys. Det vert ikkje berre: Det var synd på han. Men: synda er forbryting mot den heilage Gud. Det er majestetsforbryting. Me har forbrote oss mot Skaparen, den Allmektige.

I tillegg ser me at synda ikkje er ytre moralske feil. Den er ein indre skade, den er motvilje og fiendskap mot Gud. Me står for Gud ... og slår vårt blikk ned av skam. I Rom. 8,7 skriv han: Mennesket er ikkje lydig mot Guds lov, og kan heller ikkje vera det. Og i Rom. 3, 12: Alle er duglause.

c) Me ser og at alle er syndarar, og me er like for Gud. Ein fin moral frelser ikkje. Visdom og kunnskap er ikkje til noko hjelp.

Gud må altså visa oss korleis me eigentleg er i hans augo. Me må sjå oss sjølve med Guds augo. Og det er ein krass dom over oss. Me ser det ikkje sjølve. Men i møte med Jesus vil Anden avsløra kvar og ein.

2. Me ser frelsa. Alle menneske har sine eigne tankar om korleis dei skal verta sæle. Det er vår eigen visdom og vårt eige vit som fortel oss det. Eigentleg er alle religionar blitt til slik.
Bibelen seier me alle tek feil. Me må få sjå noko nytt. Me må sjå frelsesvegen slik Gud ser han:
a) Frelse finn me berre i Jesus. Han er Guds utvalde reidskap. Det var difor han kom til jord. Paulus skriv klårt om det. I v. 18 har han sagt: Ordet om krossen er vel dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste er det ei Guds kraft. Ordet om krossen er Jesu gjerning, langfredag, påskebodskapen, - sjølve grunnvollen for Guds frelse. Dei som ikkje har Guds visdom vil forakta dette den dag i dag. Korleis kan ein død mann frelsa slekta? spør dei. Trass i alt det andre seier, skriv han vidare i v. 23: Me forkynner Kristus krossfest.

Dette stemmer med profetordet. Same dag som fallet hende i Eden, kom den første lovnad: Kvinna si ætt skal knusa slangen sitt hovud. 1. Mos. 3, 15. Det er kalla det første evangeliet (prot-evangeliet). Jesus vart oppfyllinga av det, og han sa: Eg er døra. Joh. 10, 9.
Men dette må Anden læra oss. Dette høyrer til den himmelske visdom. Songaren har rett: Du kjem ikkje utan om Jesus...

b) Frelsa er ved tru. Det må me og læra, og det er og motsett all vår tanke og visdom. Me tenkjer alltid på gjerningar, bøner, offer, vera snill og grei og gjera noko godt.

Bibelen tenkjer berre på tru. Den himmelske visdom seier klårt: du blir eit Guds barn utan ein gong å tenkja godt. Trua er det motsette av alt det menneske meiner. Den lukkar alle gode gjerningar ute. Du skal ikkje be, ikkje ofra, ikkje prøva å bli betre, ikkje gjera ein einaste god gjerning - for å bli kristen.

Berre vera stille, ta imot, seia takk Jesus! Tenk det var for meg. For Gud reknar berre med ein god gjerning: Jesu død. Difor kan me seia at frelsa er av nåde, den er gratis, utan forteneste.

Luther såg det då han sat i tårnet i 1513 og las Rom. 1, 17: Den rettferdige av tru, skal leva. Då skreiv han orda: Sola fide - ved tru åleine. Så fullstendig avhengige av Jesus er me. Ingen ting i oss er brukbart. Alt er syndig, ureint og ubrukande. Berre tru.

Det er Guds visdom.

3. Livet. Me får nytt lys over livet vårt i møte med Jesus. Me skal ikkje leva slik andre menneske meiner det er rett. Her er mange pavar som set opp reglar for korleis me bør vera. Den himmelske visdom syner oss berre til Ordet. Det som stemmer med Guds ord er eit rett liv. Men livet må vera og vert ei frukt av at me lever med Jesus. Då kjem og dei gode gjerningar og offer for Gud. Men dei er ikkje grunn til frelse. Dei vert takk for frelsa som er ferdig. Det er her det rette misjonssinn veks fram. Og her må det veksa fram, elles vert det krampaktig lovsinn for å tilfredsstilla Gud eller få eit godt samvit. Orda me brukar om vår teneste røpar lett motiv og årsak. Det kan vera eit fårleg teikn når folk talar frimodig om å "gjera ein innsats for Jesus" m.m. Er det frukt eller kjøtleg iver? Mange av oss har visst teke imiss her og treng tilgjeving.
Jesus sa ein gong: Du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for dei umyndige. Mat. 11, 25. Umyndige er dei som bøyer seg for Gud og høyrer, tek imot og let seg bøya ned under krossen. 


II. Kristus er blitt oss RETTFERD.
1. Kor. 1, 30.
Det andre hovudspørsmål for eit menneske er: Korleis skal og kan eg stå rett for Gud? Det er bakgrunnsproblemet i all religiøsitet og religionar. Eg skal møta Gud ein dag til dom, korleis kan eg klara meg då?
Luther streva med dette. Og det låg igrunnen under då han slo opp tesane mot avlat i 1517 i Wittenberg. Han hadde freista i mange år å verta slik Gud ville ha han. Alt det han gjorde var prega av dette: Eg skal, eg må ...
Til slutt såg han kva Gud sa i Ordet i Rom. 1, 17. Han fekk den himmelske visdom over ordet. Sidan vart rettferdiggjeringa ved tru ei hovudsak i lutherdomen.
Det er fleire sider ved dette spørsmålet:
1. Vår tilstand og stilling. Bibelen seier alltid at me menneske ikkje har noka rettferd som gjeld for Gud. Paulus siterer Salme 14 og 53 i Rom. 3, 10 f. og seier: Det finst ikkje éin rettferdig, ikkje ein einaste. Og det er litt av visdommen å skjøna det rett. Etter luthersk teologi er det lova si oppgåve å vise menneska at dei er syndarar (Rom. 3, 20; 7,7).
Å vera rettferdig er å vera slik Gud krev me skal vera. Og det er djupast sett å vera slik Gud sjølv er. I Berpreika seier han det så sterkt: Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen (Mat. 5, 48). Det er eit høgt mål. Først når me er slik Gud er. kan me stå i eit rett forhold til Gud. I ei ny omsetjing står det: Ver heilhjarta og gode, men det er eit svakare uttrykk. Ei ordbok seier at fullkomen tyder å vera fullstendig, komplett, udelt og rein; å vera utan lyte, som ikkje kan bli betre!
Er me menneske det?
Profeten Esekiel skriv om korleis ein rettferdig er i kap. 18, 5-9. Der seier han at den rettferdige fer ikkje med avgudsdyrking, bryt ikkje det 6. bodet som var vanleg mellom heidningane, handlar rett og godt mot andre menneske, er rett i pengesaker, dømer ikkje urett og fylgjer Guds bod. Å vera rettferdig dekker altså alle område i livet, og ein kan ikkje bli betre, som ordet tyder.
Farisearane prøvde dette på Jesu tid. Dei levde eit rett og godt liv så langt dei meinte dei klarte det. Og dei nådde langt. Farisearane levde eit høgverdig og fint liv. Odeberg skriv at "den fariseiske teorien (har aldri) tillatt det fromme mennesket å tilregne seg selv en fortjeneste av sin lydighet".
Likvel var det ikkje nok. Jesus seier at hvis ikkje rettferda vår er større enn dei skriftlærde og farisearane si, kjem me aldri inn i himmelriket (Mat. 5, 20).
Kvifor er det slik? Gud krev hjarta og ikkje berre handlinga. Me skal gjera Guds vilje med lyst. Me skal elska Guds vilje og ord like så vel som andre menneske. Dei er jo Guds skapningar. Difor er det ikkje nok å gjera så godt ein kan - det er ein hovudtese i dag. Det rekk ikkje. Me treng ei anna rettferd. Me må ha meir enn ei ytre rettferd. Me kan aldri møta Gud oppreist med det menneskelege, for alt der er smitta av synd.
Og kva er den nye rettferda me treng?
2. Ei rettferd ved tru.
Me har sagt før at Guds Ande må openberra denne visdommen for oss at me treng frelse ved tru. Vår forstand er så formørka at me ikkje ser det. Me heng heile livet fast i den gjørma at me må gjera noko sjølv.
Når det står at Kristus er blitt oss til rettferd, er det nett rettferda ved tru han meiner. For eit menneske finst det ikkje noko anna rettferd. Det er det einaste alternativet.
Det er vanskeleg å forklara trua. Ho vert så lett teori og kanskje ei ny lovgjerning. Men trua står alltid i motsetnad til gjerningar. Gal. 2, 16. Rom. 4, 5: "Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer de ugudelege..."
Dette er meiningslaust for vår fornuft. Korleis kan eit menneske bli rettferdig ved å tru? Folk har alltid stilt spørsmål ved det, og ingen kan heilt ut skjøna ei slik sak.
Tru er å ha tillit til Gud. Det er å vite at det Gud gjer, er nok. Det held. Trua er å la Gud gjera alt, å la seg behandla av Gud. Det vert omlag som å gå til ein doktor, leggja seg på operasjonsbordet og ta imot narkose. Du har tillit til han og trur at han kan gjera deg god.
Men denne rettferdiggjeringa er ikkje å bli omskapt, bli betre moralsk i ein fart. Det tyder at Gud erklærer den truande for å vera rettferdig. Gud seier at me er rettferdige sjølv om me ikkje er det i oss sjølv. For då har Gud tilrekna oss si rettferd, han gir oss si eiga rettferd når me tru.
Paulus skriv om det etter eit døme frå GT: "Det er og skrive for vår skuld, som skal få rettferda tilrekna, vi som trur..." (Rom. 4, 24). Me får altså det Gud er, og me kan slik stå for Gud med Guds eiga rettferd. Og den er fullkomen.
Gud for alle riker dømmer selv og sier: Denne, han er fri. Slik står det i sangen. Det kan han gjera avdi han har frårekna oss alle våre synder. Han har teke dei bort ved Kristus.
Alt dette kan han gjera på grunn av Jesu død. Då tok Jesus all vår urettferd og synd og betalte skuldbrevet for oss. Han sona den straffa me skulle hatt. Når gjelda er betalt, skal ho ikkje betalast ein gong til.
I andre brevet til korintarane skriv Paulus slik (kap. 5, 19): "Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira."
Dette gjeld deg! Det er ditt - utan at du skal forbetra deg på nokon måte. "Din del er å tro, det å takke, og Frelseren kaller deg sin."
Alle blir frelst slik. Me må passe oss så me ikkje knyter noko som helst vilkår til nåden. Frelsa er ei fullstendig gåva. Der finst det ikkje noko "men" lagt til.
Eit ord i Esek. 16, 8-14 kan illustrera dette godt. Gud liksom viser fram Kristi brur og seier korleis det gjekk til at ho vart så vakker: "Eg breidde kappa mi over deg og løynde nakenskapen din... Eg vaska deg... Eg kledde deg i fargerike klede... Eg prydde deg med smykke... Så pynta eg deg med gull og sølv... og du vart overlag fager og vel skikka til å vera dronning."
Slik gjekk det til. Gud gjorde alt - og syndaren vart fager for Gud. Og han legg til: Namnet ditt kom ut mellom folka på grunn av venleiken din. For han var fullkomen på grunn av den praktfulle stasen eg hadde kledd deg i, seier Herren. (At det seinare gjekk galt med Juda, kan og stå som eit alvorleg førebilete for oss, v. 15 ff.)
Det var byrjinga. Ved tru åleine. Men vidare?
3. Den truande skal (få) leva ved tru.
Når Kristus blir vår rettferd, er det ikkje berre ei byrjing. Han seier ikkje slik: Nå må du klare deg så godt du kan i livet slik at du fortener denne rettferda.
Ordet i Rom. 1, 17 viser at me også får leva vidare som kristne ved tru. Dette ordet står fire ganger i Bibelen: Rom. 1, 17; Gal 3, 11; Hebr. 10, 38 og alle siterer prof. Hab. 2, 4. Alt i GT var det altså klårt at trua var avgjerande, og den same tanke held fram i NT.
Me får altså halde fram på same måte som me byrja kristenlivet. Det tok til med tru, ved å høyra og å ta imot. Jes. 55, 3. Og det held fram slik. Heile kristenlivet er ei vandring i tru. Lova med sine krav og vilkår har ingen ting med min kristenstand å gjera. Eg kan visa alle krav og bod bort med orda: Kristus har gjort det for meg. Stadig skal eg få høyra ordet om nåde og tilgjeving.
Men me kan likevel peika på to fårar for oss kristne. Den eine er å gløyma at rettferda er av Gud. Då vert me sjølvhjelpte og vil gjera litt i tillegg til Guds gjerning. Den andre er å gløyma eller oversjå at trua er levande liv og ein kamp. Då vert me lett likesæle og kan somna inn som kristne.
Heile kristenlivet er nåde, og difor må eg heile livet ta imot Jesu gjerning i døden på nytt.