lørdag 14. november 2009

203) Apg. 10, 1-11, 18.

Kornelius.

Apg 10. 1-11, 18.
.

Frelst ved Guds Ord.
Hendinga med Kornelius hadde fleire sider eller lærdomar. Me skal ikkje leggja like stor vekt på alle her.
.
a) Gjerdet mellom jødar og heidningar i høve til frelse vart rivene ned i praksis. Hovudsaka skjedde sjølvsagt på krossen, men her viste frukta seg. Her hende noko vesentleg. Stoda for jødane vart difor ei anna etter dette.
.
b) Ein heidning hadde like stor rett til frelse som jødane. Peter var jøde som alle andre apostlar og dei første kristne. Nå synte Gud han noko nytt, og det var eit vanskeleg steg for han å ta.
.
c) Frelsa skjer ved Ordet. Den skjer av nåde ved tru på Jesus, men det er Guds ord som forkynner og viser oss det. Eit menneske blir fødd på ny, åndeleg løyst og fri ved Guds ord når det lyder.
.
Det er dette soga om Kornelius viser oss. Difor må me gå inn i den for å sjå utviklinga og det arbeidet Gud hadde for å føra denne mannen til frelse ved tru.
.
Først vert det sagt litt om Kornelius og deretter om eit syn han hadde, v. 1-8. Det er tydeleg at han ikkje er ein typisk representant for heidningane i alt. På fleire måtar står han i ei særstode. Men det er den mest utførlege hendinga om ein som vert frelst i Apg- når me ser bort frå Paulus, som var ein heilt spesiell reiskap for Gud.
.
I. Korleis var så Kornelius?
.
1) Me finn fleire positive ting om han i desse versa: V. 1-2.4. 22. 31.
Han var kaptein over ein romersk hæravdeling – den italiske, v. 1. Det var truleg soldatar og offiserar frå Italia. Og han hadde mange dyder:
.
- Han var ein from mann v. 2.
- Han ottast Gud saman med heile familien sin
- Han gav mange almisser til folket
- Han bad alltid til Gud.
- Bønene og almissene hadde stege opp til Gud, v. 4 og 31.
- Han var ein rettferdig mann, v. 22.
- Han var gudfryktig.
- Han hadde godt vitnemål av alle jødar.
- Han såg ein engel og fekk himmelbodskap frå han, kap. 10, 3 og 11, 13.
.
Når me ser på denne lista, møter me ein god mann. Han var moralsk og religiøs og eit bønemenneske (En bønnens mann, Nytt Liv).
.
2) Spørsmålet er då om han med alle desse ”gjerningane” var eit frelst menneske?
.

- Me kan i alle høve seia at han var ein søkjande religiøs mann. Kanskje han til og med ”vakt”. Han var truleg oppvaksen ein heidensk, romersk heim. Men hjarta fann ikkje fred der. Så søkte han andre stader, truleg då han kom til Israel som offiser og møtte jødar. Der ville han prøva.
.
- Ut frå det som hendinga viser, kan me seia at han ikkje var frelst i nytestamentleg forstand. Det visste han då engelen møtte han, for engelen sa: Peter skal tala ord til deg, som du skal bli frelst ved. Han var altså ikkje frelst. Det er difor han får dette møtet: nå skulle han bli det.
.
- Ein viktig grunn til at han og andre ikkje blir frelst sjølv om dei er gode menneske, ber til Gud osv, er at folk har lett for å stola på dette, at det er nok. Då blir det lovgjerningar, og dei kan ikkje frelsa nokon.
.
Me har eit døme på det i Mark. 10, 20. Ein ungdom sa der: Alt dette (lova) har eg halde frå ungdomen av. Og Paulus seier om seg sjølv i Fil. 3, 6: Etter lova var eg ulastande. Han trudde og det var nok.
.
Om Kornelius hadde kome hit til oss, ville ein kanskje trudd han var ein kristen og teke han inn i forsamlinga. Så lik oss var han eigentleg i det ytre.
.
II. Noko mangla.
.

Men noko vesentleg mangla altså: Han var ikkje frelst. Det skulle nå bli, kap. 11, 14.
.
Difor vart Peter kalla som sendebod. Han skulle dra den lange vegen på 4 ½ norsk mil for å tala til ein mann og familien hans.
.
For Kornelius var ein fårleg tilstand. Han levde i sjølvbedrag. Det er ingen ting son tyder på at han sjølv skjøna at det åndelege livet hans var galt. Det ser ut som at han meinte det var i orden nå. Han levde som ein jøde og var ein såkalla ”halv-proselytt”.
.
Eit spørsmål me må stilla oss i slike høve, er kor langt kan eit menneske gå i religiøsitet og kristeleg moral utan å ha liv i Gud? Dei 5 brurmøyane i Mat. 25 er døme på slike som lever i sjølvbedrag. Mon ikkje dei har mange slektningar i dag?
.
Ein songar seier det slik: ”En lærdomsform er ikke nok, nytt liv er det som kreves.” Og me kan ikkje arbeida oss fram til eller gi oss liv. Det er noko me må få.
.
I Rom. 10 skriv Paulus noko om somme jødar i v. 2-3: ”For det vitnemålet må eg gje dei at dei har ihuge for Gud, men ikkje med skjønsemd. Då dei ikkje kjende Guds rettferd, men søkte å grunna si eiga rettferd, gav dei seg ikkje inn under Guds rettferd.”
.
Her seier han tre ting om dei:
1) Dei kjende ikkje Guds rettferd – det eigentlege kravet for å vera Guds born;

2) Dei strevde med å byggja si eiga rettferd – og ville byggja sin religion på lovgjerningar;
3) Dei gav seg ikkje inn under Guds rettferd – og bøygde seg ikkje for Guds veg til frelse. Dette er sagt om nytestamentleg tid, då Jesus var den einaste frelsesvegen. Ved Jesu kome var han kjend. Jesus var nøkkelen for Kornelius som for alle andre. Det er hovudsaka i kapitlet her.
.
Me kan gjerne spørja korleis det er i dag? Mon det ikkje er folk som byggjer si tru og frelse på at dei er gode nok og treng inga forsoning og spesiell forlating for synder? Det er farisearen. Den faren lurer på alle til alle tider.
.
III. To personar.
Gud treng medhjelparar i misjonsarbeidet. Nokon må bera bod til folket om denne eine frelsa som gjeld for alle. I dette høve var det Peter, ein av apostlane.
.
Men Kornelius hadde faktisk sjølv ei rolle. Det var ikkje slik at nokre av gjerningane hans kunne nyttast som frelse. Dei vart for alltid avskrivne og kasta bort. Heller ikkje vart han beden om å gjera nye og betre gjerningar. Nei – men han høyrde kallet og fekk synet frå Gud. Det andre var nok ekstraordinert. Gud sender ikkje synlege englar for å kalla oss. Men dette var noko ekstra: Døra til heidningane skulle nå opnast. Då var Kornelius viljug og tok imot det han høyrde. Han sende 3 menn av stad for å kalla ein forkynnar til seg.
.
Peter vart altså reiskapen Gud nytta denne gongen. Og han var lydhøyr og var til slutt viljug å gå. Han ville dra lang veg for å hjelpa ein. Men han var ”reint rådvill” i byrjinga, v. 17. Tri gonger måtte Gud visa han duken med reine og ureine dyr før han skjøna at Gud ikkje gjorde skilnad på jøde og heidning når det gjaldt frelsa. Jødane var eit eige folk særleg utvald av Gud. Messias skulle bli fødd i dette folket. Men frelsa var lik for alle. Det hadde allereie profetane sagt GT. Men då han skjøna kva Gud ville, var han straks viljug og tok ut på reis.
.
IV. Korleis vart han frelst?
Kornelius er altså den første heidning som vart frelst der Gud synte at alle var like for han. Det hadde skjedd noko liknande før i Apg. 8. Den etiopiske hoffmannen v. 26-40 er eit slikt døme. Rett før hadde det og hendt noko med trollmannen Simon. Namnet tyder på at han var jøde, men var likevel ikkje ein Guds mann. Men ingen av dei innleia ei tid der alle folk vart rekna som like for Gud. Det er det spesielle ved Kornelius.
.
Men Kornelius er også eit døme på at ein fin, moralsk mann må bli frelst. Her er ingen horkar, ingen trollmann eller tollar som lurte pengar frå folk. Her er ein høgtståande moralsk og religiøs person som får del i frelsa i Jesus.
.
Korleis hende det?
Engelen sitt ord til Kornelius er talande og opplysande: Peter skal tala ord til som han skal verta frelst ved, kap. 11, 14. Det ligg altså ei frelsande kraft i Guds ord. Då skjer det noko. Det er heilt annleis enn om me les i Snorre si Noregssoge eller i eit avis. Guds ord har kraft i seg til frelse.
.
Og i kap. 10, 44 ser me når det hende: ”Medan Peter endå tala desse orda, fall Den Heilage Ande på alle som høyrde Ordet.” Det er slik med får Anden, og slik blir eit menneske frelst: Ved Ordet. Difor er det viktig å tala Guds ord. Det er ikkje nok med eit godt miljø, ein ny moral og kristeleg oppførsel. Me må forkynna Guds ord til folket.
.
Kva var det Peter forkynte? Guds ord har mykje viktig å seia oss. Men kva var det viktigaste nå?
.
I vers 42 les me: ”Han baud oss å forkynna for folket og vitne…” Her seier Gud kva som er innhaldet i frelsesforkynninga. Då må me lytta.
.
a) Først skulle me forkynna at Gud er domar over alle – både levande og døde. Folk må bli minna om at det kjem rekneskaps dag. Gud skal samla folk og land i heile verda og halda dom. Åp. 20. All synd skal då fram i lyset og folk må svara for det. Difor tala nok Peter om dette. Og hvis ikkje folket blir klår over dette alvoret, vil dei ikkje søkja frelse. Den er ikkje naudsynleg dersom synda ikkje er alvorleg. Og domaren på den siste dagen blir Guds eigen Son, Jesus.
.
b) Dinest minner han dei om Skriftene i GT og profetane, v. 43. Det var jo den einaste Bibel dei hadde då. Ettersom Kornelius hadde noko av jødane sin levemåte med bøn og gåver til fattige, har han truleg kjent til Skriftene i GT. Men kor mykje han visste og hadde lese der, er ukjent for oss. Men ved at han visste om Skriftene, kunne Peter visa til dei med frimod. Det var ein referanse som mannen ikkje viste frå seg.
.
c) Peter er godt kjend i dei og seier: Alle profetane seier at alle dei som trur på Jesus, blir frelst. Han brukar orda: dei får forlating for syndene. Og då er eit menneske frelst. Peter har nok tala sterkt og klårt om forlating for syndene. Det var ei hovudsak for han. Og Paulus sin tale i Rom. 3, 28 høyrer og til her: ”Vi er overtydde om at mennesket vert rettferdiggjort ved tru, utan lovgjerningar.” Og det same gjeld orda i Rom. 4, 5: ”Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som rettferd.” Og rett etter seier Paulus her om David: ”Sæle er dei som har fått brota sine tilgjevne.”
.
Det er slik det skjer: ”Ordet forkynner at mine synder kommer han aldri mere i hu.” Det stemmer med Rom . 10, 17: ”Så kjem då trua av forkynninga…”
.
I Jak 1, 18 står det slik: ”Etter sin vilje har han født oss ved sannings ord.” Og Peter skriv i 1. Pet. 1, 23: ”For der er atterfødde … ved Guds ord.” Me skal ikkje innbilla oss at me er kristne eller sjå på livet vårt om det er rett nok. Me skal la Guds ord gjera si gjerning i og med oss: Døma oss for synda og leia oss til Jesus for å få tilgjeving.
.
Ordet frelser - og det har to sider: Bodskapen i Ordet viser vegen til frelse i Jesus, og det er ord frå Bibelen som løyser ein syndar så han blir frigjort.

.