lørdag 7. november 2009

197) Apg. 16, 1-.

197) Til Filippi.

Apg. 16.


Paulus var på den andre misjonsreisa. Han hadde reist gjennom Lille-Asia (vest-Tyrkia) og kom til Troas. Silas var med han då. Ei natt fekk han eit syn frå Gud. Han såg ein mann frå andre sida av havet eller sundet som bad om at han måtte koma til dei med hjelp.

.

Han skjøna straks at det var Gud som kalla dei til å forkynna Guds ord om Jesus til dei. Og Paulus var lydig. Han freista straks å dra over til Makedonia og kom så til Filippi. Dette er den fyrste byen i Europa som får vitjing av ein forkynnar av evangeliet. Og det er kanskje ikkje tilfeldig at det nett var denne byen som skulle opna for evangeliet i den nye verdsdelen. I år 42 f. Kristus stod det eit viktig slag her, og det skapte grunnlaget for at det mektige Romarriket vart skipa, der Filippi vart ein viktig by. Det var i dette riket Messias skulle koma, då tida var inne (”tidens fylde”, Gal. 4,4).

.

I vår samanheng er det viktig at Europa nå vert hovudområdet for evangeliet. Det var her det breidde seg ut, Europa var evangeliet sendt til alle verdsdelane etter kvart.

Kva hende så i Filippi?


1. Paulus møtte nokre kvinner, v. 13. Han fekk høyra om bønestaden nede ved elva utafor byporten. Der såg han eit høve til å tala evangeliet. Det må hya vore jødiske kvinner som samlast der, kanskje dei var gifte med heidningar og ikkje hadde synagoge eller samlingshus. Her bad dei til jødane sin Gud, Jahve.

Paulus kjende godt slike miljø og gjekk dit. Og han tala til dei. Han var der i mange dagar, står det, v. 18. Ei av dei er særleg nemnd, Lydia, v. 14. Ho lytta og trudde og vart døypt. Gud opna hjarta hennar av di ho sjølv var open for forkynninga. Og ho fekk familien sin med seg. Lydia er altså den fyrste frukt av evangeliet i Europa, og ho og familien er byrjinga til forsamlinga i Filippi og vekkinga her.


2. Kva tala Paulus om her?

Kva var vitnemålet hans til desse kristne? Veit me noko om det? I Fil. 3, 8 står det: ”Som eg ofte har sagt dykk.” Han tala altså om det same fleire gonger. Difor er det grunn til å tru at han har tala om noko av det som står i Filipparbrevet. Og det må nok vera sjølve hovudsaka i frelsa, nemleg om Frelsaren. Då er nok kap. 2, 6-11 sentralt. Her skriv han om Jesu liv og gjerning.


a) Jesus var Guds Son. Han har vist at Jesus var noko meir enn son av Maria. Han var Gud, hadde Guds herlegdom og skapnad og makt. I vitnemålet vårt er Jesus sjølve kjernen og sentrum. Me vil æra og opphøgja han.


b) Jesus gjerning. Han viser at Jesus var tenar og ikkje herskar. Og tenesta førde han heilt til krossen og døden. Paulus er klår på dette punktet òg: Då betalte han synderekninga og gjelda vår. Han ofra seg heilt, med eit blodig offer då han ropte fullbrakt.


c) Jesus kjem att. Gud opphøgde han ved oppstoda og himmelfarten. Men lovnaden stod fast: Han skal koma att. Og då kjem han som Herren. Han frelser folket sitt, men dømer verda. Ingen slepp unna då. Kvart kne og kvar tunge, står det. Dette har han sagt klårt til dei. Det viser Fil. 3, 18: Det han har sagt ofte før, var nett at somme går fortapt. Ingen skulle vera i tvil under talarstolen hans at dei ufrelste gjekk fortapt.


2. Paulus fekk motstand. Ei trælkvinne kom på bønnemøte. v. 16. Ho tala sant, v. 17: Paulus og Silas var verkeleg Guds tenarar, og dei forkynte vegen til frelse. Men ho var truleg heidning og ikkje sendt av Gud til seia det, difor stansa Paulus henne. Paulus ville ikkje at Guds sak skulle ha støtte av ein heidning med ei urein ånd, seier prof. D. A. Frøvig. Om ho tala sant, vil ikkje Gud at kven som helst skal vitne og forkynna.

Dermed byrja den fyrste forfylginga i kyrkjesoga frå heidningar. Her stod det om pengar. V. 16 viser at ho hadde fleire bakmenn som tente pengar på at ho spådde, kanskje fleire i same familie. Dei melde Paulus som vart fengsla. Han fekk endå ein gong oppleva at det kosta å forkynna. Slik har det vore ofte.


4. Paulus i fangeholet. Dei sette Paulus i det inste fangeholet, v. 24. Det skulle ikkje vera lett å koma ut der! Men Gud gjorde eit under. Og ingen kan hindra han i det! Kva hende der?


a) Dei song lovsongar. Jak seier i kap. 5, 13: den som er vel til mote, syng lovsong. Og til Fil. i kap. 4,4 seier han: Gled dykk alltid. Paulus let seg ikkje knekka av motgangen. Han visste at Gud var der, han den allmektige. Han kunne gjera under.


b) Dei bad. Han hadde erfaring med at bøna har ei veldig makt. Og til filipparane skriv han seinare: Gjer dykk inga sut om noko, me be, Fil. 4, 6. Paulus praktiserte det.


c) Gud svarte. Og svaret var eit smell, eit jordskjelv. Eit under kom der alt losna. Slik er Gud der han slepp til.


d) Vekkinga kom. Fleire vart frelste og lagde til kyrkjelyden til Lydia. I fyrste omgang var det sjølve fangevaktaren og huslyden hans. Dei høyrde den enkle bodskapen: Tru på Jesus, så vert du frelst, v. 31. Det er nok. Det er eit sant vitnemål. Me skal ikkje tala om det me sjølve har fått til, men det Kristus har gjort for oss. Så tala han vidare Guds ord til dei, v. 32. Der me byggjer på Ordet, tek me aldri feil. Alt anna er svermeri og fører folk vill.