mandag 2. november 2009

189) Apg. 24, 22-25.

FELIKS

Apg.24, 22-25.

.

Me får her eit klårt bilde på Feliks. Han har mange tilhengarar. Mange har levd slik denne mannen gjorde i mange år.

I. Hadde kunnskap, v. 22: hadde nøye kjennskap, visste vel om korleis det hadde seg med Guds veg. Dette må minst tyda to ting:

1) Han var klar over evigheita, at det var naudsynleg å bli frelst, og at det var mogleg. Han var med andre ord kalla av Gud, eller vakt.

2) Han hadde truleg lært det av kona si, Drusilla, som var jøde. Og alle har noko kunnskap om dette.

II. Han høyrde om trua, v. 24. Han var interessert i kristendommen og det Paulus hadde å seie. men han opplevde ikkje trua personleg og vart aldri frelst så langt Bibelen fortel det. Å bli frelst er å få eit personleg møte med Jesus Kristus, ikkje bli interessert. Det finst religiøse menneske som trur på Gud og ber til han. Men dei blir ikkje frlest. dei vert berre tilskuarar, utan ei personleg oppleving av evangeliet.

III. Han høyrde ei rett forkynning, v. 25. Paulus sjølv var predikant, og ingen bør anklaga han for ei gal forkynning på nokon måte. Han stod i ei serstode som apostel og hadde slik ein spesiell inspirasjon som me ikkje kan venta å ha.

Likevel tok ei anstøyt av han og. Fordi det var forkynninga som bragte anstøytet. Han slo ikkje av på krava eller vart rund i formuleringa slik at ordet ikkje fekk slå ned i samvitet. Det er fåren for oss i dag og til alle tider. Mange klagar nok over andre anstøyt, og gir oss kristne skulda for det gale. Men den eigentlege grunnen til anstøytet er den ekte bibelske bodskapen.

Kva forkynte Paulus - som både ga anstøyt og som frelste?

1) Rettferd var det første. Paulus visste at ingen ville kunne stå fpr Gud utan ei rett rettferd. For rettferd er å ha eit rett forhold til Gud sjølv. Og det skal vere slik Gud meiner det skal vere! Bibelen talar mykje om det - det er sjølve hovudsaka i Guds rike: korleis skal eg kunne møta Gud? - Nå er det to slags rettferd, begge er omtala i Bibelen:

A. Vår rettferd av natur eller slik me sjølv får det til å leva. Den er som eit ureint kledsplagg, Es. 64, 5. Og den er udugeleg. Det er "Fantedrakten". I Sak. 3 står øvstepresten Josva for Gud i skitne klær og er dermed fortapt, slik og Esaias var, Es. 6. Fil.3. Gal.2-3.Jer. 23,6. Rom. 4, 25.

B. Guds rettferd er det andre slag. Det er den me treng for å bli som Gud vil ha oss. Fil 3. Rom. 3,22.26. Rom. 4, 3-6. Denne drakten er kjøpt med Jesu Kristi dyre blod, og han kler oss i den av nåde, gratis. Es. 61, 10. Me får det ved å ta imot Jesus som vår personlege frelsar. Då har me alt me treng - du skal ikkje søkja meir enn det som er i Jesus. Då blir det svermeri.

Denne rettfedra får me ikkje ved at Gud gjer oss betre i oss sjølv, og legg ei ny rettferd inn i vårt liv på ein måte. Nei, det skjer ved at Gud erklærer oss rettferdige for Kristi skuld, på grunn av han har teke vår synd og skuld. I Kristus er me difor reine. Gud for alle riker dømmer selv og sier: denne han er fri. Han er todd i Jesu blod...

Pontoppidan seier i sp. 503: "Kva er rettferdiggjering? Den består i at den trieinige Gud av berre nåde frikjenner ein botferdig og truande syndar både frå synda og synda si straff, og i staden tilreknar han Kristi rettferd. Ja. han ser oss i Kristus som om me aldri hadde synda."

Det er klåre og sterke ord.

2) Fråhald tala dinest om. Og fråhald er det rette og reine gudslivet og kvardagslivet vårt som ein kristen. Kristendommen forpliktar, me kan ikkje leva etter kjøtet eller slik vår syndige vilje vil. Me kan ikkje vedkjenna oss som kristne og så leva som ein heidning, mot Gud ord og vilje. Kvardagskristen vil eg vera, syn for segn det krev Guds ord. Og Bibelen gir vegleiing om livet.

Feliks levde i synd. han hadde ikkje rett til å ha den kona han levde med, ho var broren si kone som hadde teke. Det var altså tale om skilsmål og gjengifte som er mot Guds ord. Så seier Paulus rett til han: det er ikkje rett det du gjer, det må bli slutt på synda. Eit slikt nytt liv er ei naturleg og naudsynleg fylgje av å bli erklært rettferdig for Gud. Det er ei Andens frukt, Gal 5,22.

Difor får me i dette ei konkret oppmoding til å leva slik gud vil me skal - etter Ordet.. Fordi det er så lett å forgå seg. Brorson syng slik: En tanke som i hjertet kom og som man litt lot råde, har så titt gjort hjertet tomt for Guds dyre nåde. Paulus var konkret i si forkynning, og det tok Feliks anstøyt av.

3) Den komande dom er det siste han talar om. Det tyder at me skal stillast til ansvar for vårt liv og gjera opp rekneskapen for alt. Slik måtte også Feliks forstå det. Og domen er ein alvorleg dag. Åpb. 20, 11-12. Bøker skal opnast då. I dei bøkene er det fortalt om vårt liv. Alt er oppskrive frå minutt til minutt.

Mange går dån, dei tåler ikkje den slags tale. Det blir for hardt og vert kalla dømande. Men denne dagen kjem likevel, om me nektar han aldri så mykje. Me kan ikkje unngå det.

To for retten, lydband av samtalar dømde dei.

Burde ikkje Feliks ha omvendt seg etter ei slik forkynning? Skulle han ikkje ha gjeve Gud rett og sege i kne og sagt: det er sant Gud, eg har synda. Kan du tilgi?

IV. Feliks vart redd, v. 25. Han sa farvel. Då alvoret kom, var han feig. Han gjorde som dei fleste: skuva det ut i framtida og sa: når eg får god tid skal eg tenkja over saka. Det er Satans almanakk: i morgon er ein betre dag. Men det kjem aldri ei betre tid. Difor går dei fleste uomvende, for dei høyrer på Djevelens kviskring i øyra.

Endå ein ting til står det om Feliks: han var pengekjær, v. 26. han vona å få pengar av Paulus. Nokre menneske gjer alt for å få pengar. Dei kan endå til som Feliks spela religiøs og interessert i det åndelege

Feliks vart aldri omvendt! Bibelen sier ikkje noko om det, trass i at han høyrde Paulus i to år til. Det kom ein siste gong, og han nytta ikkje den. Duifor syng me i vekkjingsmøter: Grip anledning nu - o, sjel som er her, kanhende det er, den siste anledning du har.

Nå har du valet. Gud seier du skal koma nå. Du har ikkje tid å venta meir. I dag lyder kallet til -frelse og nytt liv. Kom i Jesu namn. Han tek imot syndarar.