mandag 2. november 2009

190) Apg. 23. 1.

Samvittighet.

Apg. 23, 1.

.

Paulus er for retten, for det Høge råd (Synedriet eller sanhedrin), som var jødane sin religiøse domsstol. Ettersom jødane si lov også omfatta samfunnet, hadde dei saker også der. Feliks var landshøvding og budde i Cæsarea. Festus var den nye landshovdingen. Dette var den politiske makta til romarane som okkuperte landet.

.

Klagen mot Paulus var mot Moselov frå jødane. Kravet var dødsdom. Men som i saka mot Jesus om lag 30 år før, kunne ikkje jødane døma nokon til døden. Det måtte romarane gjera.

.

I. Paulus’ vitnemål.

Paulus kjem nå med eit fantastisk vitnemål. Og det var sant. Det seier han også i 2. Tim. 1, 3. Jfr. kap. 22. Dette vitnemålet hans er fylgjande:

.

1) Han hadde eit godt samvit. Den er uskadd og rein. Samvitet er som ein alarm mot tjuvar eller tannverk i sjela. Han seier at han aldri hadde gjort noko som skada dette verktøyet. Det skal ofte lite til hjå oss før samvitet reagerer. Det trer i kraft før me har gjort noko galt for å åtvara oss, og det seier frå når me har gjort gale. Då kjem det med klage og dom over det me har gjort. Paulus var så nøye med livet sitt at han aldri opplevde at samvitet klaga han! Det seier han nok i første rekke i høve til Gud og kallet han ga til å forkynna.

.

2) Han hadde levd rett for Gud, v. 1. Like til denne dagen hadde han levd for Guds ansikt. Det tyder at han alltid hadde fulgt Guds vilje og gjort det Skriftene sa. Ingen av dei ti boda vart brotne i det ytre. Det må vera alle kristne sitt mål. Me er kalla til å leva rett for Gud utan å la synda få makt i livet vårt. Men har det lukkast slik for oss? – Her talar me sjølvsagt ikkje om dei indre tankesynder som kan dukka opp inne i oss utan at me kan hindra det. Men det er ytre synder og at livet hans var etter Guds vilje. Han hadde brukt det for å tena Gud i alt. Det kunne han nå vitna om med frimot. Sjå nedafor.

.

3) Han hadde ikkje brote Mose lov. Paulus var jøde og det var jødar som klaga han for lovbrot. Det kunne die ikkje prova. For retten sa han med full visse då han skulle forsvara seg: ”Korkje mot jødane si lov eller mot templet eller mot keisaren har eg forbrote meg,” 25, 8. Sidan romarane var tekt inn for å kunne døma han til døden, måtte han også seia at han hadde ikkje synda mot keisaren. Eit klagemål i slike saker var nett at dei hadde spotta keisaren. Det hadde han ikkje gjort, sa Paulus.

.

Difor var han utan ytre synd. Han hadde levd eit korrekt liv. Han var både ein sann kristen og ein rett og god borgar i riket. Nå viste det seg at det var viktig for han. Me er lys og salt i verda, Mat. 5, 13-14. Alle skulle teke det meir på alvor. For det kjem ikkje av seg sjølv.

.

II. Korleis fekk han det?

Er det mogleg å leva slik? Ja, Ordet seier ja. Her talar me om det praktiske livet og den daglege helginga der me lever mellom menneske. Me kunne nok gjort mykje meir her, meir varsam og nøyaktig med mindre krav til oss sjølve. Kva er nå vegen?

.

1) Paulus var rett omvendt. Han hadde det i orden med Gud. Det er utgangspunktet. Det hende då han møtte Jesus ved Damaskus. Då fekk han etter kvart sjå Jesus som ein mellommann mellom seg og Gud, slik han skreiv til ein ung medarbeidar – 1. Tim. 2, 5. Då fekk han eit godt samvit for Gud. det var Jesu blod som reinsa han frå synda, Hebr. 9, 14. Det gjeld for oss også. Kvar gong det går galt for oss, som det ofte gjer, må me gå attende dit. Då har eit Guds barn alltid godt samvit.

.

2) Han bøygde seg for Guds ord. Han brukte ikkje Ordet berre til trøyst og oppmuntring for seg sjølv og andre. Han bruket Ordet som leveregel og trafikkskilt i livet. Guds ord er viktig for alt i livet vårt. Det skal også korrigera samvitet vårt. Når nokre seier at dei har godt samvit for å gjera nok som er galt, må me spørja: Er nå samvitet i samsvar med Guds ord? Ordet samvit tyder å ”vita noko saman med nokon”. Og denne nokon er for ein kristen Bibelen. Når Bibelen seier at noko er galt og synd – t.d mot dei ti boda, skal me tenkja slik: Samvitet mitt må vita og skjøna dette saman med Bibelen. Og då skal Bibelen alltid ha rett. Det er Guds tale, og vår tanke er skada av synda slik at me ikkje kan stola på den. Me vil nok ofte koma i konflikt her der vår tanke og meininga er heilt annleis enn Guds. Her bøygde Paulus seg for det Gud sa. Det bør me og gjera.

.

Dette kan me sjå ut frå fleire vinklar. Det kan me nemna kort her: Han levde i lyset, 1. Joh. 1, 7 og skjulte ikkje noko for Gud. Han levde etter Anden, Gal. 5, 16 og var driven av Anden, Rom 8, 14. Han let med andre ord Anden styra i livet. Han levde verdig det kallet han hadde fått, Ef. 4, 1 og 17; Kol. 1, 10. Difor levde han sømeleg slik Gud hadde sagt, Rom. 13, 13f. Han søkte også det himmelske og ikkje det jordiske i livet. Kol. 3, 1-2.

.

3. Kva om eg taper?

Samvitet er viktig, men har det noko å seia eigentleg. Kan me ikkje berre døyva og drepa det?

.

Det er viktig for oss sjølv, for å bli verande som kristen. Du kan tapa trua og gå fortapt om ikkje du tek vare på samvitet. I 1. Tim 1, 19 skriv Paulus om somme som har kasta samvitet frå seg ”og har lidd skippbrot på trua”. Når samvitet ikkje seier frå og du ikkje tek omsyn til det, vil du halda fram i synda utan den åtvaringa du kunne få.

.

I 1. Kor. 8, 11-12 skriv han noko verdfullt: Ved å gå vår eigen veg og ikkje leva varsamt etter samvitet og Guds ord, kan me synda mot brørne og såra dei veike samvit og dermed synda mot Kristus. Med andre ord kan med leia folk i fortapningen på den måten.

.

Paulus gjorde ikkje det. Han var varsam der det var naudsynleg, og streng og tydeleg når folk trong det. Difor seier han i kap. 24, 16: Eg legg sjølv alltid vinn på å ha eii uskadd samvit. Det gjaldt både for Gud og for menneske. Men han legg vinn på det, gjer seg umak. Det er her poenget.