lørdag 14. november 2009

204) Apg. 9, 1-.

Paulus vert omvendt.

Apg. 9, 1-.

.

Dette er døme på ein jøde som blir omvendt. – Han var ein farisear, motstandar, kjend i Bibelen, ivrig for Gud. Sml. kap. 22 og 26. Han var ikkje heidning, ufrelst, verdslig eller likegyldig. Men han hadde ei fortid, slik me alle har. Spørsmålet blir: Kvifor og korleis vart han omvendt?

Han sa sjølv lenge etter: 1. Tim. 1, 16: han var eit førebilete for dei som (seinare) skal koma til tru på han. Her er noko likt for alle kristne, om det ytre er ulikt.

.

1. Hans fortid: slik han var:

a) Han fnyste av trugsmål og mord, v. 1. Hjarta hans var fylt av hat mot kristne.

b) Han leia forfylgjinga, v. 2. Ville utvida, til Damaskus i Syria. Aktiv motstandar sjølv om han trudde på Gud og tente han! Så forblinda kan ein bli.

.

2. Han møtte Jesus, og det blei eit ventepunktet i livet hans. v. 3. Han såg eit lys utafor Damaskus, og med det fekk han nytt lys over livet og kva Gud ville. Dette møtet viser oss fleire ting:

.

a) Uventa, v. 1.

Paulus søkte ikkje Jesus for å få hjelp. Han var tvert om ein motstandar av kristendommen. Men Gud valde han ut til å bli ein reiskap for seg, v. 15. Og han var ærleg og tok imot. Seinare vitna han om dette og la ikkje skjul på kven han var. I 1.Tim. 1, 13 seier han: ”Eg var før ein spottar og forfylgjar og valdsmann. Men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande i vantru.”

.

Alle er igrunnen slik, som Guds ord seier så tydeleg: I Rom. 3, 10 skriv den same Paulus: Det finst ikkje ein rettferdig, ikkje ein einaste. Og i kap. 5, 10 står det: Vi vart forlikte med Gud ved at Son hans døydde, då vi var fiendar. Me har ingen rett eller krav på noko hjå Gud. Det kjem uventa som ei nådehandling. For Paulus var det tydeleg. Ved Damaskus møtte han plutseleg Guds eigen Son som han forfylgde. Det hadde nok aldri vore i tankane hans at han skulle oppleva det. Men møtet med Jesus endrar alt i oss. Han vart heilt overtydd om at denne Jesus verkeleg var Guds Messias.

.

b) Han såg si synd, v. 4-5.

Alle må erfara noko av si eiga skuld og syndeforderv. Det er ikkje likt for alle i starten. Det kan gå ei tid for somme før dei ser kor svarte dei er i sitt indre. Det tek gjerne til med at me ser og erkjenner einskilde synder. Etter kvart får me eit vidare og djupare syn på oss sjølve.

.

Paulus såg også noko: det han gjorde, var synd mot Gud. Salme 51, 6. Forfylgjinga av dei kristne var ikkje ein god handling som han meinte. Nå fekk han høyra at det eigentleg var Jesus han forfylgde. Dei kristne var berre hans representantar her på jorda. Med synda vår har me krenka Jesus og Gud. Me gjer eit åndeleg overgrep.

.

Noko seinare skal han forsvara seg for kong Agrippa, og då seier han noko meir om det som hende ved Damaskus. Jesus sa også til han: ”Det vert hardt for deg å stampa mot brodden.” Det ville ikkje nytta. Heile hans liv vart omsnudd den gongen. Apg. 26,14. Det er unyttig og fårleg å kjempa mot Gud. men det ser ikkje dei fleste, men trur tvert om at dei skal sigra.

.

Det er synda som skil oss frå Gud. Det er den store hindringa, som Jesaja skriv: ”Men misgjerningane dykkar skil mellom dykk og dykkar Gud,” Jes. 59, 2. Det må me vera viljuga til å sjå og akseptera. Me skal sjå alt slik som Gud ser det. Det tyder og å bøya seg, erkjenna og seia: Du Gud har rett.

.

Det var det David gjorde. I Salme 32, 5 skriv han: ”Eg sanna mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld. Eg sa: Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren!” Det var då løysinga kom: Du tok bort mi syndeskuld. Å sanna er å seia at Gud talar sanning, og eg bøyer meg for det.

.

c) Paulus fekk eit kall.

Reis deg opp, sa Jesus v. 6. Då byrja eit nytt liv og ei ny vandring for han som hadde forfylgd Guds Son. Han høyrde ei røyst -midt i synda. Han levde i mørke i 3 dagar. Det var ei tid i syndenaud og anger.

Han bad, v. 11. Før bedt mykje som farisear. Nå bad han av hjarta. Berre då når det fram.

.

Kallet frå Gud er og eit kall til å bryta med synda. For somme går det relativt lett. Dei har ikkje så sterke band til syndelivet. For andre er det ein hard kamp. Dei har syndige vanar, vener og arbeidet er kanskje også knytt til syndige ting. Eg veit om folk som måtte byta yrke då dei vart frelst.

.

Gjennom alt er kallet og frelsa berre nåde. Gud elska verda, og då kvar einaste sjel. Joh. 3, 16. Det minna han efesarane om lenge etter. For av nåde er de frelste, og det er ikkje av dykk sjølve. Det er Guds gåve. Ef. 2, 8. Det fekk han oppleva sjølv, og det sa han til alle han tala til.

.

d) Paulus vart frelst, v. 18.

Nå kunne han sjå – det gjeld også åndeleg. Han såg Jesus på ein ny måte: Han var ikkje lenger motstandar, men frelsar. Paulus vart fullstendig overtydd, på kort tid. Den Heialge Ande viste han kva Skrifta sa. Heile livet viste Paulus at han var ein kristenss, sjølv om det kosta fengsel og dom og martyrdød. Jesus er verd meir enn alt anna i verda.

.

Tollaren i templet er eit anna døme på frelse av berre nåde. Luk. 18, 13 og 11. Han hadde ingen god gjerning å visa Gud, slik farisearen trudde han hadde. Tollaren hadde berre eit forfeila liv og synd. Då ba han om nåde – og fekk ei fullkomen rettferd. Den fortapte sonen i Luk. 15 hadde det og slik. Han sa berre: Eg vil stå opp og gå til Far – kanskje eg kan få vera tenar hjå han. Det er et audmjuke sinn som veit at han ikkje kan kreva noko. Han fekk og nok heilt anna enn det han tenkte. Han vart innsett som son i huset med stor fest. Det vil skje også med deg som vender om i dag! Berre kom du, det er nåde nok for alle.

.

3. Han fekk hjelp av menneske, v. 10-. Ananias. Gud brukar ofte menneske for å leda folk til Jesus. Paulus treng hjelp! Det må me ofte ha i vårt åndelege liv. Og Gud syrgde for at det vare ein viljug reiskap i Damaskus som kunne hjelpa Paulus til liv med Gud. Sjå desse trinna i denne sjelesorga:

.

a) Ananias fekk ord frå Gud om å hjelpa. Me blir ofte minna om noko. Her skal me vera vakne og lytta og gå fram med varsemd.

b) Hadde innvendingar: hadde høyrt om Paulus at han ville dei kristne vondt. Her ser me det vare sinn som ikkje vil gå fram etter eigen vilje. Han var nok også litt redd Saul – som han heitte då.

c) Men Herrens bod stod fast: gå. På Guds ord kan han gå - og det hende som Guds engel sa. Når me har Guds ord i ryggen, kan me vera frimodig. Då vil det skje etter hans ord.

d) Paulus fekk hjelp av vennene, v. 19. Dei var ikkje lenger fiendar! Me skal hugsa at Paulaus sitt liv var nå totalt omsnudd. Han trong nokre dagar i bøn og stille for Gud.

.

4. Paulus vitna, v. 20. 22.

Nå hadde han fått eit vitnesbyrd om Jesus. Og det gjekk ikkje lang tid før han var ute i sitt nye oppdrag, v. 20. Han gjekk inn i synagogane og tala om si nye oppleving: Jesus som er før forfylgde, han er verkeleg Guds Son. Han er Messias som GT vitna om så mange gonger.

.

5. Han opplevde straks motstand, v. 23f.

Herren hjalp på underfull vis - til Jerusalem. Me må aldri tenkja at livet med Gud alltid er lett. Det er falske profetar som seier det. Me har ein stor og mektig fiende. Jesus har sigra over han, men likevel prøver han dag støtt å øydeleggja for oss. Du skal rekna med motgong i livet, og rekna også med ein frelsar som er sterkare enn alle andre. Og denne frelsar har lova å vera med sine alle dagar. Mat. 28, 20. I samfunnet med han, er me alltid trygge.

Amen.

.