torsdag 5. november 2009

195) Apg. 18, 24-28.

Om Apollos.
Apg. 18, 24-28.

.
Soga om Apollos her (Apg. 18, 24-28) viser oss ein mann som er aktiv kristen arbeidar og vart brukt av Gud, men mangla kunnskap og lys i Guds ord. Det er og soga om ein som møtte nokre gode kristne som ikkje skuva han frå seg, men tok seg av han og hjelpte han vidare på veg. Slik er dei eit mønster for oss andre. Han vart med andre ord opplært i Guds ord.
.
Me er nå komne om lag 20 år etter påske og Jesu død. Nå hadde det vore både jøde-og heidningmisjon i mange år. Det var kristne i mange land og byar i Romarriket. Apollos blir ein medarbeidar i dette.
.
Korleis var denne mannen, og kva kan me læra av han?
A. Han hadde truleg store naturgåver.
Han var rikt utrusta åndeleg sett og hadde slik ein god bakgrunn. Me har alle noko frå natura, me ber med oss ein arv om ulik på mange måtar.
.

1) Apollos var jøde, og dermed kjende han både Det gamle testamentet og jødisk gudsteneste. Han visste nok om profetiar om Messias. Det er ein god arv å kjenna til Skriftene.
2) Han var fødd i Alexandria i Egypt og var dermed ein diasporajøde. Det tyder at han var jøde men budde i eit anna land. Mange jødar budde kringom i andre land, så det var ikkje noko spesielt. Men Egypt var eit kulturland og er m.a. kjend for det store biblioteket i byen. Det hadde om lag 700.000 bøker (bokrullar) og det var i byen på den tida Apollos levde der. Kanskje har han vore innom og lese der?
3) Han var veltalande. Det er ikkje ei nådegave, men ei naturgave. Men den kan ein helga slik at ho vert brukt i Guds teneste og dermed ei nådegave. Det ser ut som at Apollos var ein reisepredikant og misjonær i Middelhavslanda.
.

B. Han var ein åndeleg mann.
Apollos hadde møtt Kristus og opplevd og erfart noko med han. Slik hadde han eit rikt åndeleg liv. Her skulle me alle likna Apollos. For det største eit menneske kan oppleva, er å bli eit Guds barn. Lat oss sjå litt meir på han:
.
1) Han var sterk i Skriftene, står det. I omsetjinga frå 1978 står det: han var vel kjend i Skriftene. Det tyder at han kunne mykje i Det gamle testamentet og visste kor det stod. Difor kunne han lett sitera frå Skriftene. Men det tyder truleg og at han skjøna ein del av det som stod skrive.
.
I Salme 1 vers 2 står det om at dei sæle har sin lyst i Herrens lov og grundar på den. Apollos var ikkje ein Mannakorn-kristen som slo opp eit vers tilfeldig nå og då. Han må ha studert Skriftene systematisk, lenge og ofte. Då slit ein gjerne ut nokre biblar. Billy Graham sa for mange år sidan at han las 25 kapitler for dagen og sleit ut 4 biblar kvart år.
.
Me skjønar ikkje alt me les. Men bibelordet vert ein reserve eller eit spiskammer for oss. Slik var haugianarane, dei vart kalla lesarar. Då er Bibelen grunnboka. Og dette er nyttig. Paulus skriv i 2. Tim. 3, 14-17 at dei inspirerte Skriftene (Bibelen) er nyttig for oss til fleire ting.
.
2) Han hadde fått opplæring i Herrens veg. Han hadde teke mot undervisning av andre og visste at andre hadde større lys i Guds ord enn han. Apollos var med andre ord ein læreviljug elev og slik ein audmjuk kristen.
.
Herrens veg eller Vegen er eit uttrykk for den kristne lære eller tru på den tida, t.d. Apg. 9, 2; 19,9 og 24, 14.22. Somme vil ikkje ta imot opplæring og meiner dei har alt dei treng. Det kan vera eit sjukdomsteikn. Ingen kan alt i Guds rike, sjølv om mange kan litt.
.
Eit ektepar i Efesus lytta til Apollos og merka at noko mangla. Eit trent åndeleg øyra kan det. Det står ikkje kva det konkret var. Truleg følte dei at det var litt ufullstendig og tynt. Det trong ikkje vera galt, men heller mangelfullt.
.
Dei kom ikkje med kritikk av han, men tok han med seg heim i huset sitt og tala med han. Dei forklarte Ordet nøyare for han og viste korleis det hang saman. Apollos kjende berre dåpen til døyparen. Det var m.a. ein dåp til omvending – det hadde Apollos vore gjennom. Han hadde så å seia teke dei første steg på trusvegen. Nå fekk han eit djupare syn på frelsa og vaks slik i kjennskap til Jesus Kristus og kva det vil seia å vera ein kristen. Å få rett opplæring i Guds ord vil seia at Guds ord skal bestemma kva eg skal meina om alle religiøse ting.
.

Nokre av dei punkter ekteparet tale med han om, var truleg dette:
.
a) Om synda heilt frå syndefallet der alle fall frå Gud og at me kvar dag syndar og gjer noko galt i tanke, ord og handling. Ingen kan forstå at me treng frelse utan å sjå si synd. Det er den sjuke som treng lækjar, sa Jesus. Og då må han skjøna at han er sjuk. Og det kan me berre læra i Guds ord. 1. Mos. 3 og Rom. 5, 12ff m.m.
.
b) Ei grundig innføring i grunnlaget for vår tru og kristendom, nemleg Golgata. Offertida i den gamle pakt var over og det eine offer på krossen var nok. Jesus bar alle synder ein gong for alltid. Det er ved synet av dette me blir faste i trua og veit at alt er ordna hjå Gud av Guds eigen Son. Ordet seier mykje om det. 2. Kor. 5, 14-21.
.
c) Trua er det neste. Me skal og kan ikkje nytta nokon gjerning for å bli frelst. Me blir det einast ved tillit til Jesu gjerning. Paulus streva mykje med å få folk til å skjøna det. Me vil så gjerne ha noko av vårt eige med oss. Det er audmjukande å berre tru og ta imot. All ære blir teken frå oss. Og det er Guds frelsesplan. Me skal få alt av nåde – og Gud får all ære. Det er vegen. Gal. 2, 16. Ef 2, 5-9.
.
d) Helginga og det kristne livet til kvardags er og ein viktig del av kristendomen. Korleis skal eg leva som kristen? Mon ikkje Priskilla og Alvilas sa noko om dette? Me er frelste for å leva eit nytt liv til ære for Gud og for å vinna nokon for himmelen. Det er Guds plan. Kol 3. Ef. 2, 10.
.
Me kan ikkje læra noko av dette av vår eigen fornuft. For den er sulka av synda og upålitande. Me treng eit grundig og stødig ord frå Gud om alt i vår tru. Det har me i Bibelen. I eldre tid meinte somme at Apollos var forfattar av Hebrearbrevet. Den grundige innføringa der i Jesu verk på krossen som oppfylling av offertenesta i GT, kan då førast attende til ekteparet i Efesus. Men me har ikkje prov for dette forfattarskapet. Hebrearbrevet er i alle høve god undervisning i kristen tru.
.
Peter skreiv til slutt i det siste brevet om å veksa i nåde og kjennskap til Jesus. 2. Pet. 3, 18. Denne voksteren må byggja på Guds ord, elles blir det fri fantasi. Paulus skriv og om voksteren i Ef. 4. Gud gav oss mange tenester og tenarar i sitt rike, v. 12. Og dei skal vera med å føra oss alle fram på vegen ”til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han”, v. 13.
.
Paulus skriv og noko om vekst i 1. Kor. 3,6ff. Og her er net Apollos med. Paulus planta og Apollos vatna, står det. Paulus var vekkingstalar og leia dei til Kristus, medan Apollos kom seinare og førte dei vidare inn i kristentrua så dei vart faste og trygge. Og her ser me korleis Guds rike er. Apollos fekk sjølv opplæring i Ordet i Efesus, og så vart han brukt av Gud til å hjelpa andre til å bli faste i trua i Korint. Men gjennom alt var det Gud som gav vokster.
.
3) Apollos var brennande i ånda, står det. Det tyder vel her at han var ivrig og oppglødd i tenesta, der Guds rike var det viktigaste. Han brann etter å vinna sjeler for Gud. Lærdomen gjorde han ikkje kald, teoretisk eller hovmodig. Han levde etter det Paulus formana dei kristne til, Rom. 12, 11.
.
Læresveinane hadde opplevd at dei vart varme i hjarta då Jesus opna Skriftene for dei. Luk. 24, 32. Me må altså la ordet tala til oss, og at me tek det alvorleg. Til meir me brukar Guds ord, til meir vil me brenna når me tek det inn over oss. Slik kan me seia det. Den Heilage Ande vil gjera ordet levande, Joh. 6, 63.
.
4) Han vitna om Gud og frelsa. Han var frimodig, gjekk i synagogen og vitna for jødane. Det kosta. Det var vanleg for Paulus i den første tida. V. 6 og 19. Av di han var brennande, vitna han, står det, v. 25. Det heng saman. Jfr. Apg. 1, 8.
.
5) Apollos vart til nytte i Guds rike. Han vart brukt av Gud, og vart meir nyttig etter kvart. Her ser me altså vokster i tenesta! Jfr. Kol 4, 17; Tit. 3, 8 og 14; 2, 14. Nå reiste han til Hellas for å tena Gud der.
.
a) Han var til nytte for dei truande, v. 27b. Guds born treng hjelp i gudslivet. Misjon og arbeid i Guds rike er ikkje berre å gå til nye folk. Det gjeld og å ta vare på dei som er vunne. Då han reiste til Akaia (Hellas), skreiv dei truande i Efesus til dei kristne der at dei skulle ta vel imot han. Han fekk altså eit ”anbefalingsbrev” frå dei kristne. Og i Hellas vart Apollos til stor hjelp, står det. Han underviste dei nok i Guds ord, om Messiasprofetiar, om Jesu gjerning og død for oss som frelsesgrunn og om livet som kristen i helging og teneste.
.
b) Han var og med i vekkinga der, i første omgang mellom jødane, v. 28. Av 1. Kor. 3 ser me at han var i Korint og vart brukt der (og det er i Hellas). Men av kap. 16, 12 ser me at Paulus ville senda han attende dit seinare. Han var oppteken andre stader då og ville ikkje reisa straks. Men seinare ville ha ta ut på preiketur endå ein gong til Korint. Av kap. 19, 1 ser me at Apollos møtte Paulus då han var i Korint.
.
V. 28 viser oss noko viktig ved tenesta vår:
a) Han viste ut frå Skriftene at Jesus var Messias. Han brukte altså Guds ord som argument og arbeidsmiddel. Skal me det, må me vera kjend i Skriftene.
b) Men han gjorde det ved Guds nåde. Me er i oss sjølve unyttige tenarar, Luk. 17, 10. Me er berre reiskapar. Det er Gud som gjer verket. Det er hans teneste.
c) Dei andre truande var til hjelp for han og tilskunda han til teneste. For alle kristne er eitt i arbeidet for Guds rike. Me driv ikkje solospel, men er med i eit stort kor. Og Gud skal ha all ære i all æve. Amen.

.