mandag 2. november 2009

186) Apg. 26, 24-32.

Agrippa.

Apg. 26, 24-32.

.

Paulus held sin forsvarstale for kong Agrippa. Festus kan ikkje forstå det han seier, og meiner lærdomen hans driv han frå vitet. Men Paulus held på sitt: det han fortel har ikkje hendt i ein avkrok. Det er kjent for alle. Og dessutan har profetane skrive om dette, og spør kongen rett ut om han trur det som står skrive der. Han ventar ikkje på svar, men seier: eg veit du trur.

.

Då er Agrippa nær Guds rike. Han seier det beint ut: det manglar lite på at du overtalar meg til å bli ein kristen. Me veit ikkje kor djupt det stakk. Kanskje var det ei kjenslevar stund der han var gripen vel så mykje av Paulus som av evangeliet.

.

Det kan vera mange grunnar til at eit menneske ikkje blir ein kristen. Det kan vera mykje som bind eit menneske så sterkt at det ikkje maktar å riva seg laus sjølv. Eit menneske kan ha slik makt over andre, kameratar generelt, familie o. a.

.

Arbeidet kan vera ei hindring og økonomien og strevet etter stadig å få noko nytt bind folk til jobb og arbeid.

.

Fortida er ei vanleg hindring. Dei har mange uoppgjorte saker i livet, og dei veit dei må gjera noko med det. Det er kanskje ubetalte rekningar, noko du har lånt bort og må leverast attende. Ein strid har gjort at du er uvener med folk, og det kostar å gå vegen til dei og seia: Det var mi skuld, eg be om tilgjeving.

.

Gamle synder står som stengsler for Gud. Du kan ikkje gjera deg fri. Og det er sant nok. Me er bundne av synda og maktar ingen ting.

.

Då må du gå til Jesus med alt. Han står ferdig til å tilgje alt du har synda. Og han gjev kraft til å gjera opp gamal urett og å be andre om tilgjeving. Det er det første steget som er tyngst. Men også då vil han vera med.

.

Det manglar lite, sa kongen. Men dette litle er nok til å gå fortapt, om du ikkje kjem i tide.

.

Paulus svarar godt i v. 27: Eg ville ynskja, seier han, at anten det manglar lite eller mykje, at ikkje berre du, men at alle som høyrer meg i dag måtte bli slik som eg, berre utan desse lekkjene. Han hadde eit stort ynskje for kongen: Han måtte bli frelst.

.

Men eit ynskje er ikkje nok. Dei vart nok ikkje frelst då. Han måtte ta steget sjølv – og det må du og gjera. Vil du det?

.